Eldhusrøykt og Tørka Pinnekjøtt

Eldhusrøykt og Tørka Pinnekjøtt
Lokalmat.no

Vossatraktene sin favoritt til jul, pinnekjøtt har fått mange tilhengjara over heile landet. Og er i dag noko av det mest ettertrakta på juleborda. Sidene vert lakesalta etter rike mattradisjonar, og røykte over open eld med orreved frå nærmljøet. Tørketid er ca 6 veker. Eit kvalitetsprodukt sikra av gode handtverkakrar gjennom generasjonar. Middagen lagar du som du vil, men slik gje me: pinnekjøtet vatnast i ein kjele 8-12 timar. tøm ut vatnet og legg bjørkepinnar i bunn av pannen. fyll opp ca 4 cm i kjelen. Damp under lokk i 2,5-3 timar. når det slepper beinet lett er det klart til servering. i mellomtida kan du synge ein song eller klemme nokon du er glad i. men ikkje gløym tilbehøret! kokte poteter og kålerabistappe er klassikarane. Øl og akevitt har også hørt med for dei som er gamle nok til slikt. God Apetitt

Næringsinnhold per 100g