Osten er ein velbalansera, fast kvitost av geitemjølk. Den er laga av dagfersk morgonmjølk som er pasteurisert. Me kan òg lage upasteurisert på bestilling. Stavsfjell er god på brødskiva med ostehøvel eller kniv. Den egnar seg også på pizza, eller du kan steike den til middag saman med flesk, ein gamal rett frå Vinje og Åmotsdal. Stavsfjell er utprøvd med hjelp av to ystarar i Noreg, smaka og salta slik at den skal likne den me hadde tidlegare i Vinje, ein tradisjon som vart borte.