Dette ljose og friske ølet er ein hyllest til Byglandsfjorden og dei mange «hemmelege» strandperlene. Like bak skogholta attmed Riksveg 9 ligg svaberg og finkorna sandstrender. Øltypen blonde ale ligg midt mellom pils og pale ale. Til gjæring har me brukt Opshaug-kveiken, som gjev passeleg fruktigheit, samstundes som malt og sitrus frå humle kjem godt fram. Passar godt som tørstesløkkjar, eller til lettare matrettar. Ølet serverast på 6-8 °C.