Vi lagar kvart år eit lite parti med Petrine-sider, med eple frå berre to eldgamle tre. Det eine tronar øvst på Storåkeren nedanfor tunet vårt og det andre står på nabogarden. Aroma: Floral, med preg av eple, hint av honning, karamell og høy. Smak: Frisk smak med preg av eple og sitrus. Perlande og krema munnkjensle. Farge: Brilliant, strågul. Søtleik og styrke: Tørr. 5,5% vol.