SnillBie er vår merkevare for den økologiske lynghonningen me produserer. Det som særmerker vår lynghonning er kombinasjonen av nektar frå hovudsakleg 3 lyngsortar; purpurlyng, klokkelyng og røsslyng. Den som smaker SnillBie Lynghonning vil kjenna honningen vår er fyldig og aromatisk, gir ein lang ettersmak, som ofte kan vera litt dessert aktig i smaken. Dette er eit resultat av lyngkombinasjonen biene trekker på og omsorgsfull innhenting og bearbeiding. Krav til hygiene og kvalitet Lokala der lynghonningen blir foredla er godkjent av Mattilsynet, det same er alt materiale i produksjonsutstyret me nyttar. Me set dei strengaste krav til hygiene og kvalitet. Lynghonningen frå SnillBie er ikkje utsett for kunstige inngrep, som t.d. oppvarming, og har heller ikkje fått noko form for tilsetting. SnillBie Lynghonning er eit 100% naturprodukt! For at ein kunde skal forstå kor edel produksjonen er, så kan det vera ei samanlikning å sidestilla produksjonen med kaldpressa jomfru olivenolje. Økologisk honning- fri for forureining Den grunnleggjande tanken bak produksjon av økologisk honning, er å produsera sunn og rein honning – fri for alle slag av forureining. Det særeigne med økologisk honning frå SnillBie, er at bikubane står på øyar med kystlynghei. Næraste nabo er storhavet – og villsauer. Her er ingen forureining frå industri eller plantegift frå landbruk. SnillBie vart for nokre år tilbake plukka ut av Mattilsynet, som henta prøvar av honningen, som vart sendt til England for analyse. Honningen vart då samumfart etter alt frå om den var tilsett sukker eller kunstig smak, til bekereller etter atom ulykka i Tjernåbyl. I vår honning vart der ikkje funnen nokon avvik. Økologisk? Fyk ikkje biene kvar dei vil? – Fyk ikkje biene kvar dei vil då? kan ein undra seg, – og kanskje til område som er sprøytt med plantegift, eller kunstgjødsel? Eller i område som er forureina av industri og motorvegar? Svaret er at biene fyk kvar dei vil. Men bikubane (husa deira), er plasserte i eit område som ligg minst 3 km frå slik forureining. 3 km er langt over den strekninga biene fyk bort frå kubane sine. Bigårdsplasseringar er nedteikna i kart for Mattilsynet. Krav til økologisk drift I tillegg til dette er der ei lang rekkje krav som lyt oppfyllast. Godkjenningsorgana Debio og Mattilsynet ser nøye etter at dei økologiske krava blir følgt. Til dømes er det slik at om hausten, etter at honningen er teken ut or kubane, får biene økologisk vinterfor. Dette i motsetnad til konvensjonell birøkt der ein brukar sukker. Godkjenningsmerket frå Debio All økologisk matproduksjon som er godkjent av Debio og Mattilsynet får lov å bruka godkjenningsmerket for økologisk mat. Me er stolte over og glad for at Snillbie-honningen får bæra dette merket, slik at du kan vera trygg på at det er eit reint produkt du kjøper. Framtida er økologisk! Det er SnillBie også!